NaNoWriMo
Skriv en kommentar

Camp NaNoWriMo — for alle som liker å skrive!

Kva er Camp NaNoWriMo?

Lik­er du som­mar, skriv­ing og hand­faste mål? Under NaNoW­riMo i novem­ber skal du skrive 50 000 ord på ein roman. På som­marhendin­ga Camp NaNoW­riMo, der­i­mot, kan du vel­je målet sjølv. Kan­skje du vil utfor­dre deg sjølv og skrive 100 000 ord, eller eit kan­skje meir real­is­tisk 10 000. Kan­skje du ikkje vil skrive ein ny roman i det heile tatt, men redi­gere den du skreiv i novem­ber. Det er nem­leg ikkje reglar for kva du kan skrive, og nytt av året er at du kan set­je mål som tilsvar­er pros­jek­t­typen du har. Poet­ane kan set­je mål om kor mange lin­er dei vil skrive, manus­for­fat­tarane kan vel­je sider og redi­g­er­arane kan vel­je min­utt. Det heile var­er i juli månad.

Kvifor bli med?

Det var det prak­tiske. Så kvi­for bli med på Camp NaNoW­riMo? Om du er som meg treng du ordentlege mål og ordentlege fris­tar. Når eg ikkje har eit verke­leg insen­tiv for å komme meg gjen­nom starten, midten og slut­ten av eit pros­jekt blir eg lett opp­slukt av eit anna, sær­leg når eg kjem til eit litt meir vanske­leg par­ti. Å ha eit mål tvinger meg til å anten ta val om dei vanskelege tin­ga eller hoppe over dei. Nå skal det seiast at dei som kjen­ner meg veit at eg ofte byter pros­jekt i løpet av ein NaNo-månad, så det gjeld vel ikkje abso­lutt.

Nokre tips til deg som skal prøve Camp NaNoWriMo for første gong:

 

  1. Set deg eit real­is­tisk mål. Som­maren er ofte trav­el, og du kan spon­tant bli invitert med på kafé, stran­da eller grilling. Det er dumt om ven­ner skal øyde­leg­gje for skrivin­ga eller skrivin­ga for vennskapen. 
  2. Set deg eit høgt mål. Det hjelper ingen å seie at du skal skrive fem ord om dagen, så bruk denne sjansen til å utfor­dre deg sjølv og komme deg gjen­nom i alle fall eitt vanske­leg par­ti i pros­jek­tet ditt. 
  3. Vel eit pros­jekt du lik­er og har trua på. Det er veldig vanske­leg å jobbe ein heil månad om du ikkje er engas­jert til å byr­je med. Det tyder ikkje at du ikkje skal vel­je eit vanske­leg pros­jekt, dei kan vere veldig bra å ford­jupe seg i, men du bør gle deg til å skrive på det.
  4. Lag deg ein ruti­ne for skrivin­ga. Rett etter frukost, kan­skje, eller i lun­sj­pausen på som­mar­jobben. Prøv å finne ut kor­leis du sjølv fun­ger­er som kreativ per­son. Eg sjølv skriv best på kafé eller seint på kvelden heime hjå meg sjølv. Det kan eg bygge ruti­nar av.
  5. Finn deg nokon å skrive saman med (om det pas­sar for deg). Fysiske per­son­ar på piknikkbord i parken eller på inter­nett på face­book, forum eller hyt­ta du får plass i på campnanowrimo.org. Det er ikkje noko som er betre enn å kunne moti­vere kvaran­dre.

Og sist, men vik­ti­gast: ha det gøy!

Skrevet av Tone Rossow — ML/frivillig for NaNoW­riMo

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *